Om meg

Namnet mitt er Ingvild Høydal, og som mange andre har eg tusen ballar i lufta som eg prøver å få kontroll over. Eg er mor til to (snart tre), kone (berre til ein), venn (heldigvis til mange), i fulltidsjobb, deltidsstudent, lokalpolitikar og odelsjente til eit småbruk på Vestlandet.

I løpet av dei siste par åra har det skjedd ting i livet som har fått meg til å innsjå at tida vår her på jorda kan vere mindre uendeleg enn det me går rundt å trur i kvardagen. Det har blitt viktig for meg å få mest mogleg ut av kvar dag og vere takksam for den tida me har saman.

Men ting må jo gjerast. Eg kunne sjølvsagt ha tatt fram sjokoladen, slengt beina på bordet, og sett haugen med skitne kle vokse seg stor som eit fjell i kapp med dei skitne tallerkane på kjøkkenet. Eller servert jentene kjeks og yoghurt til middag kvar dag for å sleppe både matlaging og oppvask. Men det gjer eg jo sjølvsagt ikkje 🙂

Arbeidsoppgåvene står på rekke og rad både heime og på jobb. På denne bloggen vil eg dele gode tips og triks for å få både arbeidskvardagen og heimekvardagen til å gå litt lettare. Ikkje for at me skal fylle kvardagane våre med endå fleire oppgåver, men sånn at me kan få litt betre tid til å berre nyte den saman med dei me er glade i!

Sjølv om eg er over gjennomsnittet glad i organisering, planlegging og kalendaren min, så er eg absolutt ingen ekspert. Dette vert ei reise i prøving og feiling for å sjå kva som fungerar for meg og min familie. Håper du vert med meg på turen og finn din formel for å få ein lettare kvardag med meir tid til kos!